Valvatne Bygg AS presenterer 3 moderne einebustader i rekke midt i populære Steinhaugmarka, i Sveio sentrum - no som burettslag!

1 SOLGT, 1 reservert!

No har du sjansen til å sikre deg ein lettstelt bustad på eitt plan i det attraktive bustadfeltet Steinhaugmarka. Her bur du i eit nytt og flott opparbeidd område, med umiddelbar nærleik til både butikk og friområde.

Steinhaugmarka 1. SOLGT

Steinhaugmarka 5: Innskudd kr 1 425 000, totalpris kr 4 760 000. Felleskostn/mnd. kr 2 580

Steinhaugmarka 9: Innskudd kr 1 425 000, totalpris kr 4 760 000. Felleskostn/mnd. kr 2 580.

Finn.no

Info

86 m²
Carport
Burettslag
Lave bukostnader

Moderne og funksjonell planløysing
Bustadane er gjennomtenkt utforma med open stove- og kjøkkenløysing, to soverom, hovudbad, gjestetoalett, praktisk vaskerom og integrert carport med sportsbod.
I tillegg får du ein romsleg terrasse med pergola – perfekt for lange sommarkveldar. Pergolaen kan eventuelt glasast inn om du ynskjer å skape ei lun utestove.

Attraktiv beliggenheit
Bustadane ligg ved innkøyringa til feltet, der du allereie finn moderne og tidsriktige bustader. Med sørvendt plassering kan du nyte svært gode solforhold.

Storleik og uttrykk
Kvar bustad er på ca. 86 m² BRA (inkl. sportsbod på 5,3 m²), medan carporten utgjer ca. 20 m².
Arkitekturen er moderne og stilrein, og bustadane vert leverte med god standard – sjå prospekt og leveransebeskriving for detaljar.

Kvalitet i detaljene
Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert i merket Sigdal, frå Stord Kjøkkensenter. Komplett kjøkken med kvitevarer er inkludert i leveransen.

Burettslag
Bustadene er organisert som eit burettslag. Eit burettslag er ein bustadmodell der eigarskapen er delt mellom bebuarane, og kvar andel gir rett til bruk av ein konkret bueining. Burettslaget eig bygningane og fellesområda, og bebuarane betaler felleskostnader til drift og vedlikehald. Dette er ei gunstig ordning for deg som kjøpar! For meir informasjon kring burettslagmodellen, ta kontakt med vår seljar.

Moglegheiter for tilpassing
Som kjøpar får du moglegheit til å setje ditt personlege preg på bustaden. Du kan mellom anna velje parkett og endre peisomn, fargar og frontar på kjøkkeninnreiinga, eller oppgradere bad og garderobar.

Her får du ein moderne, arealeffektiv og lettstelt bustad – i eit bustadfelt som legg til rette for både kvardagsliv og trivsel.

I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.

Fremhevet informasjon

Sveio Sentrum
2 min gange
Sveio barneskule
2 min gange
Barnehage
2 min gange

Prosjektfremdrift

  • PlanleggingSeptember 2025
  • SalgsstartJanuar 2026
  • ByggestartAndre kvartal 2026
  • InnflyttingAndre kvartal 2027

Sjå meir her

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Bjørn Storebø

Bjørn Storebø

Seljar

Valvatne Bygg AS

Meld interesse

Vi behandler informasjonen du sender i henhold til vår personvernerklæring
home